 |
| Bestefarstova består av eit særprega bygg i tradisjonell stil som kan brukast til kurs, møte og fest. Vi har serverings- og skjenkeløyve for slutta lag. Huset ligg inne på tunet på Hjelmås-garden, og det er lett tilgang til sjø, vatn og fjell. Her finn du rom for den gode samtalen, og vi har kun eit arrangement om gongen. |
 |
13. Sep 2011
Velkomne til BI Bergen!
Vi ynskjer Handelshøyskolen BI Bergen velkomne 22 september på den etter kvart tradisjonsrike opninga av "Leadership in Action" Les meir
13. Sep 2011
Kreativitetsakseleratoren sitt hovedarrangement for hausten 2011 skjer i helga 30.9-2.10
Dette tek form av ei Livskraftutveksling, med tilreisande ildsjeler frå heile landet, så vel som med lokale folk frå Humørbygda. Les meir
26. Mar 2011
Vellukka startskot i KreativitetsAkseleratoren
Onsdag 26 mars 2011 vart det nasjonal lansering av KreativitetsAkseleratoren i Bestefarstova Les meir
14. Mar 2011
LEDIGE DATOAR
På grunn av bemanningsauke har vi betre kapasitet, og dermed ein del ledig tid i Bestefarstova ut over våren. Les meir
14. Mar 2011
Vil du prøve Bestefarstova som møtelokale? Her er gratis-sjansen!
I april 2011 har vi sett av 3 datoar for firma, lag og organisasjonar som får gratisprøve på Bestefarstova som møtelokale. Grip sjansen! Les meir
14. Mar 2011
Informasjonsmøte om kreativitetsakselerator 23.3 2011 kl 18
Eit nytt samarbeidsprosjekt med Livsverkene er på gang, kom i Bestefarstova den 23.3. 2011 kl 18 og høyr meir. Det vert mykje informasjon, diskusjon og slentring. Pluss kakao. Les meir
15. Aug 2009
Bryllup og barnedåp på same dag i Bestefarstova
Line og Christian hadde sin store dag i den vesle familien, lørdag 8.august. Bryllupsfeiring og dåp på same dag! Les meir
13. Jan 2008
Dåp i Bestefastova.
Etter ein stille start i januar opnar vi med barnedåp den 27. januar Les meir
10. Jan 2007
INSPIRASJONSMØTE I BESTEFARSTOVA 12.1 07
Personar interesserte i bygdeutvikling er velkomne for orientering kl 17-19. Gratis, men det er påmelding pr e-post eller sms 91 60 00 60 Les meir
09. Jan 2007
Brudemesse på Garveriet
Lørdag 6.1.2007 vart det gjennomført brudemesse på Garveriet i Isdalstø Les meir |
|
Bestefarstova

Velkommen til oss!
Eva og Geir Styve har skapt Bestefarstova på Hjelmås. I tillegg vil du møte andre medlemmer av familien som hjelper til for å få gjennomført arrangementa på ein smidig måte. Når gjestane seier at "...her var det heimekosleg", ja - då føler vi at vi har gjort jobben vår.
Rom for den gode samtalen
Bestefarstova er eit særprega bygg i tradisjonell vestlandsstil som kan brukast til kurs, møte og fest. Modellen for bygget er Bogatunet på Radøy, med røter attende til middelalderen. Bestefarstova skal vere ein møtestad mellom historie og notid, mellom gamal og ung, mellom tradisjonell bondekultur og moderne tenking og kunnskap.
Bogatunet på Radøy er inspirasjonen til utforming av Bestefarstova
Her ser du korleis vi har det i og ved Bestefarstova
Vi tilbyr Strile-oppleving
- Eit gjestehus med to stover, plass til max 30 + 20 personar, (varierer etter bordoppstilling og arrangementstype)
- Tradisjonsmat, slik bestemor laga den
- God utsikt, lett tilgang til sjø, vatn og fjell
- Hestestenter, gardsbesøk og uteaktivitetar
- Stort kontaktnett å spele på for å dekke dine ynskje til underhaldning, foredrag, kurs og aktivitetar
Arrangementstypar
Merkedagar i familien: dåp, konfirmasjon, bryllup, runde dagar, slektstreff mm.
- Kurs og møter
- Julebord og blåturar *)
*) Avgrensingar
- Det er ikkje sett av danseplass i lokala. Dette ordnar seg når vi eingong får klar byggetrinn 2 som er ein storsal med plass til om lag 50 personar.
- Vi ynskjer at alle, både kundar og servitørar skal ha det kjekt. Vi har difor ei avgrensing mot blåturar der det er firmatradisjon å servere alkohol før avreise og under transport. I slike tilfelle avstår vi frå oppdraget.
Om skumringstimen, les her:
|