Bestefarstova består av eit særprega bygg i tradisjonell stil som kan brukast til kurs, møte og fest. Vi har serverings- og skjenkeløyve for slutta lag. Huset ligg inne på tunet på Hjelmåsgarden, og det er lett tilgang til sjø, vatn og fjell.

Det er eit ypperleg lokale for dåp, konfirmasjon, runde dagar osv for inntil 30 personar. Vi får tilbakemeldingar på at gjestane trivst og slappar av i våre stover, og at dei finn det vi har lagt opp til – rom for den gode samtalen.

 

Vi tilpassar etter dine ynskjer og har alltid kun eitt arrangement om gongen. På forespørsel kan vi tilby ulike typar underhaldningsinnslag, foredrag osv.

 

Huset har to stover. Desse kan nyttast på forskjellige måter, alt etter antal gjester:

– Ved maks 20 gjestar kan den minste stova nyttast til koldtbord, med oppdekking i den andre.

– Vi kan dekke til maks 30 i største stova, og bruke den minste til feks gavebord, kaffi, mingling – eller ein kombinasjon.

– Vi kan dekke opp kun i den minste stova om de ynskjer eit mindre selskap med få gjestar.

– Oppdekking i begge stovene kan også vere eit alternativ.